Multimodale skapande praksisar. Forsøk på artikulasjonar ut frå sosialsemiotikk og samtidas relasjonelle kunsthandverk

Dei siste tiåra er prega av ei multimodal vending som inneber at mange typar kommunikasjon går føre seg gjennom at fleire ulike uttrykksmåtar samverkar, slik som verbalspråk, bilete, lyd og materialitet. Endringane har ført til eit auka behov for kunnskap om korleis ein kan arbeide bevisst og kritis...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Tollef Thorsnes, Aslaug Veum
Format: Article
Language:Danish
Published: Formakademisk, Oslo 2013-04-01
Series:FORMakademisk
Subjects:
Online Access:https://journals.hioa.no/index.php/formakademisk/article/view/593
Description
Summary:Dei siste tiåra er prega av ei multimodal vending som inneber at mange typar kommunikasjon går føre seg gjennom at fleire ulike uttrykksmåtar samverkar, slik som verbalspråk, bilete, lyd og materialitet. Endringane har ført til eit auka behov for kunnskap om korleis ein kan arbeide bevisst og kritisk med multimodale skapande prosessar. Denne artikkelen undersøkjer korleis element frå det teoretiske rammeverket sosialsemiotikk kan nyttast i arbeid med multimodale skapande prosessar og læreprosessar. Vi gjer greie for nokre erkjenningsteoretiske samanhengar mellom sosialsemiotikken og samtidas relasjonelle kunsthandverk, og på denne bakgrunnen utviklar vi nokre teoretiske omgrep som kan nyttast i multimodale skapande praksisar. Artikkelen viser vidare korleis omgrepa kan fungere i kunstprosjekt og didaktiske prosjekt. Eit hovudresultat er at omgrepa kan fungere bevisstgjerande og gi språk og artikulasjon undervegs i skapande prosessar, noko som vidare kan betre moglegheitene for kritisk tenking, etterprøvbar refleksjon og kommunikasjon både hjå forskaren, kunstnaren, læraren og studenten.
ISSN:1890-9515