«Korleis tenkte du no?» Frå øving til gjennomføring i grunnskulelærarutdanninga

I denne artikkelen presenterer eg ein studie der føremålet har vore å utvikla eit undervisningsdesign som kan støtta studentane i deira profesjonelle utvikling. Eit vesentleg element i designet er å tilby studentane kunnskap om og bruk av eit kartleggingsverktøy til registrering av elevane sine rekn...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Marit Kulild
Format: Article
Language:Danish
Published: Universitetsforlaget 2020-01-01
Series:Uniped
Subjects:
Online Access:https://www.idunn.no/uniped/2020/02/korleis_tenkte_du_no_fraa_oeving_til_gjennomfoering_i_grunn
Description
Summary:I denne artikkelen presenterer eg ein studie der føremålet har vore å utvikla eit undervisningsdesign som kan støtta studentane i deira profesjonelle utvikling. Eit vesentleg element i designet er å tilby studentane kunnskap om og bruk av eit kartleggingsverktøy til registrering av elevane sine reknestrategiar. Designet er utarbeida i samhandling med to kull andreårsstudentar i grunnskulelærarutdanninga, 1.–7. trinn. I arbeidet nytta eg kvalitativ metode; observasjon, fokusgruppeintervju og skriftlege refleksjonar frå studentane. Eit hovudfunn i denne studien tyder på at eit design som vektlegg iterative øvingar som inneheld veksling mellom arbeid på campus og i praksis, kan vera med på å støtta studentane i deira profesjonsutvikling. Eit anna funn er at studentane understreka at øvinga med og bruk av kartleggingsverktøyet genererte data om elevane sine tenkjemåtar som kunne brukast til ei målretta didaktisk planlegging i praksisklassen. Studentane hevda at gjennomføringa gav kunnskap, erfaring og motivasjon til seinare FoU-arbeid. I framtidige studiar kan det vera aktuelt å undersøkja om strukturen og organiseringa av designet kan overførast til andre fagovergripande tema i lærarutdanninga.
ISSN:1893-8981